mandag 3. januar 2011

Vår i vente

Den vesle vakre blomen
i starten av april.
Så bitte liten stod han der
og helsa med eit smil.
Spør om eg vart glad
for det som eg fekk sjå!
No står han framfor døra
han som eg har venta på.
Han hutra vesle blomen,
det var litt kaldt og surt.
Å springa ut så tidleg, tru
om det var særleg lurt?
Vinden auka på,
frå skyene fall regn.
Men han som stod og nikka,
var for meg eit sikkert teikn.
Eg stod der innved steinen
og såg på venen min.
Ei snøkvit kappe hadde han,
ho var så rein og fin.
Blomen song om vår,
og staren kvitra med.
Den vesle vakre kvitveisen
la håp i hjarta ned.
Tekst: Haldis Reigstad
Tone: Synnøve G.H.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar