lørdag 5. februar 2011

Somme tider

Somme tider undrar ein på
Kva som gjer at dette hender meg
Til kva nytte gjer det?
Kvifor skal det ikkje henda meg?
Då er det vel betre å tenkje og tru
jo dette var ei meining i

Eg har rygg sterk nok til å bera noko av børa di
Eg har ei hand du kan holda i

Somme stundar
ser eg du slit
Kva kan er gjera for deg?
Eg ønskjer du kan sjå
sola skine utanfor stoveglaset

Somme stundar
ville eg du kunne late opp døra og sjå
sjå ei strålande sol
om du berre ville sleppe ho inn

Somme stundar kunne du om mogleg
vende andletet mot regnet
kjenne vatnet gjera godt
Tenkje på livet som vatnet gjer

Somme stundar kunne du sjå
på ei doggdråpedag

Somme stundar på eit snøflak
det eine flaket fulgt av fleir
dei som gjer bakken kvit

Somme stundar
ville eg du skulle vera vaken og sjå
sjå verda som ligg der ute

Ei båre bryte mot strand
Lukta av havet
sola og grøne engar

Vakne no og kjenn
alt det vakre livet
enno har på vent
Sjå kongroeveven
sjå sola på stoveglaset
Sjå kor dine føter går
Kan hende dei vandrar i ei doggdråpeeng?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar